onsdag 9. september 2015


NEW LITERACY STUDIES


 

Det har vist seg å ikkje være heilt enkelt å få tak på literacyomgrepet. Me kjenner godt til illiteracy, analfabetisme, men vil literacy då være ei nemning på motsettinga, det å kunne lese og skrive?

Forskerane på området er opptekne av lesing og skriving, men i ikkje berre som ei kunne som kvar ein av oss beherskar i ein større, mindre eller ein sånn passe grad. Aktivitet er eit sentralt stikkord her.  David Barton viser til literacy som « (…) a social activity», det vil seie at literacy ikkje berre er eit særdrag i oss sjølve, men at literacyaktivitetane våre, det vil seie alle dei samanhengane der me bruker literacy, enten som konsumentar eller produsentar, er del av ei større samanheng.

New Literacy Studies er ein nyare tradisjon innan literacyforskninga, der nettopp dei sosiale tilhøva ved lesing og skriving er det sentrale. Brian Street skil mellom ein autonom- og en ideologisk modell for literacy, der den autonome representerer eit tradisjonelt syn, med fokus på literacy som ferdigheiter, medan den ideologiske modellen ser på korleis literacy utspeler seg i ulike variantar innanfor, og i mellom, ulike sosiale kontekstar. Tanken er at ein kan sjå korleis literacy verkar saman med andre tilhøve, det være seg politiske- , økonomiske og andre sosiale strukturar, og at ringverknadene av litteracybruken må sjåast saman med desse andre tilhøva.

mandag 31. august 2015

Om masteren og meg

Eg skulle eigentleg ikkje ta ein master no. Ikkje før om eit par-tre
år iallfall. Eg skulle ta PPU og få fast lærarjobb. Masteren kunne eg heller ta på deltid etter kvart. Det hadde økonomien min blitt glad for.

Men det er no ein gong slik at at ein ikkje alltid kan velje fra øvste hylle. Så no er eg masterstudent på heiltid, og kommunepotet på deltid, og kan vel ikkje klage heller. Ikkje svelt eg, og eg får jo halde med noko eg syns er kjempespanande. Sjølv om eg har historie i graden min, og diverse eksamenar i religion og samfunnsfag, så er det norskfaget som er mi greie. Eg har lenge sett for meg at eg vil jobbe med noko innan litteraturformidling, men i seinare tid har eg tenkt at eg kanskje kunne egna meg godt som norsklærar for framandspråklege. Eg ser derfor ikkje bort frå at masteroppgåva mi kan kome til å bere preg av dette.

Og bloggen? Eg ser på han som eit nødvendig vonde, for eg har aldri hatt noko ønske om å opprette ein blogg. Samstundes let eg meg fascinere av bloggkulturen. Det er så mykje med han som eg ikkje skjøner meg på. Men eg let meg òg irritere. Kanskje bloggfenomenet kan bli eit tema seinare, i eit anna blogginnlegg?